No er Ruter-appen på nynorsk

Saknar du heimstaden? No kan du endra språk til nynorsk i Ruter-appen.

I samband med nynorskdagen 12. mai, lanserer Ruter ein nynorsk språkversjon av appen. Ruter er ein av Noregs mest brukte appar, med 900 000 vekentlege brukarar. Til no har dei kunna velje mellom bokmål og engelsk, men no er også nynorsk tilgjengeleg.                                                                                                       

Nyheita om at brukarar no kan velje nynorsk språk i Ruter-appen, kjem på nynorskdagen 12. mai 2025. Da er det 140 år sidan Stortinget gjorde vedtak om at nynorsk og bokmål er likestilte språk i Noreg. Det er viktig for Ruter å bidra til denne likestillinga mellom skriftspråka.

- For mange er nynorsk meir enn eit språk – det er ein bit av heimstaden du ber med deg, uansett kor du er i verda. I Ruter trur vi at kollektivtransport handlar om meir enn å kome seg frå A til B – det handlar om å skape tilhøyrsle. Når vi no tilbyr appen vår på nynorsk, ønskjer vi å gi alle brukarane våre moglegheita til å reise med språket som kjennest som heime, sier Bernt Reitan Jenssen, administrerande direktør i Ruter.

Ruterappen som inkluderer nynorsk finst i iOS versjon 9.22.0 og Android versjon 7.67.0, og vi håper at mange brukere får glede av funksjonaliteten.

Slik får du Ruter-appen på nynorsk

iPhone (iOS) og Android

  • Sjekk at du har lagt til nynorsk som språk i systeminnstillingane på telefon
  • Opne Ruter-appen
  • Gå til Profil
  • Vel Innstillingar
  • Gå til Språk
  • Vel Føretrekt språk
  • Vel Nynorsk

Ruter-appen

Her kan du laste ned Ruter-appen til din telefon: